Denne heimesida for Gerd Endestad er no pr april 2026 under produksjon og utvikling.
Meir bilder og presentasjonar av arbeid, utstillingar mm vil etterkvart gje ei fyldigere oversikt over kunstnarskapen min.

Kunstnarleg ståstad og fokus:


Hovudsakleg har eg i det kunstnarlege arbeida mine eit fokus på samfunn-og naturrelaterte spørsmål/problemstillingar. Eg ser etter situasjonar, hendingar og prosessar som kan seie noko om visjonene vi har, både personleg og kollektivt, til våre samfunnstrukturar og vårt forhold til naturen.
Dette kan resultere i arbeid som tek for seg situasjonar der fortid/notid, natur/teknologi og røyndom/illusjon står i kontrast til kvarandre, men det kan også vere arbeid som dyrkar ein estetikk som på ein meir subtil måte er relatert til desse motsetnadane.