Heilt i frå tidleg barndom har eg spikka; småfigurar eller pinnar, og samla fine former i frå naturen.
Å oppdage og finne dei naturlege formene gjev inspirasjon til å skape nye former i trematerialet. Eg har eit sterkt fokus på korleis formene forheld seg til kvarandre, og korleis dei tek/ forheld seg til omgjevnadane.