Eg er veldig inspirert av og har jobba dei siste åra mykje med den japanske tresnitt-teknikken(Moku Hanga).
Denne teknikken er vassbasert, svært lite ressurs-og energikrevjande i form av maskiner og teknologi, og etterlet seg ingen kjemiske/forureinande restprodukt. Trykkeprosessen krev presisjon; papir og treplate må vere akkurat passe fuktig, og fargane akkurat passeleg utblanda. Eit ferdig trykk går gjennom fleire repetitive steg. Teksturen ein kan få fram ved dei ulike teknikkane og korleis ulike fargetrykk på same motivet ma. skape djupn, fasinerar og inspirerer til nye utprøvingar.

Denne prosessen, som krev tid, omtanke og konsentrasjon, gjev meg nærleik til og bevisstgjer meg - særleg rundt naturlege prosessar.