Spikk, trykk og tredd tråd, og den arva vegen.
Duo utstilling, i lag med Karen-Merete Bruland. Volda og Ørsta Kunstlag, okt 25
Samarbeidet vårt starta med kunstmøter, der samtaler og vår felles glede for å arbeide i trematerialet var rammene. Samtaler om arv, makt og kommunikasjon gav ein plattform for det vidare arbeidet framover.
Det organiske, med slektskap til natur- og kroppslige former pregar arbeida mine i denne utstillinga. Korleis formene forheld seg til kvarandre, plassering i rommet og samanhengar dei imellom får fokuset i utstillinga.
Meir info om dei ulike arbeida finnast under “arbeid i tremateriale”, og “japansk tresnitt”